Private company

Nordmør Dampskibsselskab

Nordmør Dampskibsselskab is a Norwegian company.1

Nordmør Dampskibsselskab var eit reiarlag med hovudkontor i Kristiansund. Reiarlaget vart konstituert 29. desember 1902, og frå 1. januar 1903 vart rutene og dei seks skipa til Christiansunds Dampskibsselskab overteke. Reiarlaget kjøpte same år DS «Tourist» som kunne ta 120 passasjerar. I 1906 vart nybygget DS «Øren» levert, og i 1909 «Driva». I februar 1915 fekk reiarlaget overlevert nybygget DS «Surendalsfjord» som var meint å setjast inn i rute mellom Kristiansund og Sunndalsøra i samband med utbygginga av Aura-kraftverket. DS «Surendalsfjord» var med sina 440 bruttoregistertonn det største skipet til reiarlaget, men første verdskrigen førte til stopp i Aura-utbygginga, og skipet vart allereie juli 1916 selt til Russland. Under første verdskrig vart òg skipa DS «Mørejarlen» og DS «Christiansund» selt for å gjera reiarlaget gjeldfritt. Selskapet dreiv rutetrafikk i Nordmøre og Romsdal og dessutan ei rute til Trondheim. I 1920 vart dei sju gjenverande skipa til reiarlaget overteke av det nyoppretta fylkesreiarlaget Møre Fylkes Ruteselskapet (MFR) for 1 050 000 kroner. I 1947 endra MFR namn til Møre og Romsdal Fylkesbåtar (MRF).2 From the nn Wikipedia, CC BY-SA 4.0

Last updated Oct 21, 2026.

Overview

Sources

The numbers on this page point here. Each one links to the record it came from.

  1. 1
  2. 2